KALENDER

  1. lør 14. apr 2018

    Førde Fjordhestlag

    • A2 - Tømmekjøring
  2. lør 14. apr 2018

    Førde Fjordhestlag

    • A3 - Innkjøring
  3. lør 07. apr 2018

    Førde Fjordhestlag

    • B4 - Utstillingsforberedende kurs
  4. lør 10. feb 2018

    Førde Fjordhestlag

    • A1 - Temming
  5. lør 30. des 2017

    Magni

    • A4 - Bruksprøvekjøring
  6. lør 16. des 2017

    gudbrandsdal

    • A3 - Innkjøring
Vis heile kalenderen

\r\n Tekst: Steinar Furnes
\r\n Foto: Ingvild Sveen
\r\n
\r\n Henriette Skjelbreid og Birk(Birkelidguten) og Rambo ( Askeladden) © Ingvild SveenKvifor fjordhest? Tenk deg lenger attende i tid enn du kan førestille deg. Sjå føre deg urhestar beitande, vandrande og flakkande i flokk. Ei viss uvisse er knytt til fjordhesten sitt opphav. Ingen veit nøyaktig kvar fjordhesten kom frå, korleis han kom, eller kor tid den fyrste hesten let seg temje. Det vi veit, er at den moderne fjordhesten framleis har typiske trekk frå dei frie fedrane sine. Av dei særnorske rasane er det ingen som har så sterkt urpreg som sjølve nasjonalhesten. For fjordhesten er ein nasjonalhest, sjølv om det kanskje er betre kjent utanfor enn innanfor Noreg sine grenser.
\r\n
\r\n Smedsmo Sivert © Ingvild SveenGamaldags? - Nei! I mange, mange hundreår var fjordhesten vestlandsbonden sin mest trufaste medhjelpar og kamerat. Han kløvja mjølk frå støylane, drog ved frå skogen og bar borna trygt i tunet. Med herleg humør og seig styrke skyssa han turistar og andre reisande kring i bygdene, og kravde ikkje store stellet. Men tidene har skifta. Fjordhesten har alltid tilpassa seg. I etterkrigstida konkurrerte han mot traktoren i vestlandsk landbruk. Og skulle fjordhesten tape ein kamp, laut det heldigvis verte denne. Avlsarbeidet vart omlagt, men den overordna målsetjinga var like gamal som ho var god. No, som i tidlegare tider, skulle fjordhesten vere allsidig, nøysam, haldbar og nervesterk, og dette er framleis fjordhesten sine leiande eigenskapar.
\r\n
\r\n Kneist og Cassandre Bach-Gansmo © Ingvild SveenHumøret, arbeidsviljen og styrken er på plass. Særpreget er det same, men i bygnad vert det fokusert på at fjordhesten, i tillegg til dei tradisjonelle bruksområda, også skal eigne seg til moderne sportsbruk. Slik er dagens fjordhestar beint fram gyldne legeringar av traust tradisjon og moderne, framtidsretta ideal. Nett det kan ein ofre ein tanke når ein ser dei haldbare, hardføre dyra som framleis ber den blakke urfargen og dei same beinstripene som den ville sebraen, eller når ein møter dei botnlause, mørke og kloke augene som speglar tradisjon frå tusen tiår.
\r\n
\r\n Hagesilja og Lene Marie Sunde © Ingvild SveenOg så snille dei er! Kjenner du fjordhesten, veit du at desse augene dannar eit uttrykk som kvar og ein kan falle flatt for. Desse augene, som har sett så mange horisontar opp gjennom tidene, ser også ulike og allsidige arenaer i dag; og dei elskar det! Beina som nærast aldri vert halte hoppar over sprangbommar, susar i vill, men kontrollert galopp gjennom maratonhinder, og dansar i dressur med stadig lettare og meir elegante rørsler på dressurbana, med eller utan vogn! I neste økt tek den same hesten deg med på ridetur i terreng der andre hestar berre kan drøyme om å fote seg, eller han dreg dryge lass med same iver og pågangsmot som fedrane sine.
\r\n
\r\n
\r\n Kvifor fjordhest? Nei, du kan så spørje. Prøv!
\r\n
\r\n
\r\n Stine Lill Himberg og Magnus Aarnesson © Ingvild SveenTyssblakka og Maren Vevatne © Ingvild Sveen

\r\n

Velkommen til Fokus unghest!

Denne nettsiden er tenkt å være en ressurs for deg som driver eller vil drive med unghest. Unghest.no Vil fungere som en base med nyttig informasjon som bruk og hold av unghest. 

Unghest.no er resultatet av et samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Landslaget for dølehest og Landslaget for nordlandshest/ lyngshest. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for å øke interessen for hold og bruk av unghest. Målet er å stimulere til økt aktivitet i lokallagene og tilby kunnskap om trygg trening av unghest. Dersom du vil lese mer om Unghestprosjektet, ta ein kikk til på menyen øverst på nettsiden.

På unghest.no vil du finne artikler om blant annet trening, fôring og stell av unghest, samt informasjon om kurs, utstillinger, tips til treningsprogram, råd om oppstallingsformer og andre ting.

Vil du at ditt lokallag skal arrangere unghestsamling/kurs? Ta kontakt med styret i ditt lokallag! For informasjon om ulike kursmoduler, og reglement for utbetaling av støtte, til kurs se i menyen øverst på siden. 

Dersom du vil gi ei tilbakemelding på nettsiden, eller dersom du har en ide til hva som burde ha vært her, send oss gjerne tips på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Norges fjordhestlag Landslaget for nordlandshest/lyngshestLandslaget for dølahest

 

 

Unghest.no er eit samarbeid mellom  Norges Fjordhestlag - Landslaget for Dølehest - Landslaget for Nordlandshest/ Lyngshest - Norsk hestesenter Webdesign: bbd.no  Nettløsning: Veir AS