\r\n Det at hestar søv ståande kan vera eit teikn på trivsel, meiner ei japansk forskargruppe. Teikn på at hesten ikkje trivst er godt kjende, men det gjenstår framleis å finna gode indikatorar på at hesten trivst.
\r\n Hestar vil i vill tilstand nytta mykje av dagen og natta til å eta, men under oppstalling kan moglegheita til dette vera begrensa. Dette kan føra til magesår og stereotypisk åtferd. (Stereotypisk åtferd er definert som repeterte rørsler utan noko spesifikt mål.) Det er difor truleg at oppstalla hestar vil ha ein høg grad av tilfredsstillelse i samband med fôrinntak.
\r\n Åtferd som det å stå og sove kan til ein viss grad finna stad etter at hesten har ete og den vil då vera mindre enn normalt interessert i fôr. Difor kan ein nytte åtferd som det å stå og sove som eit teikn på tilfredsstillelse og kanskje kan ein sjå dette som eit teikn på trivsel. Kor mykje hesten står og søv skil også på hesten sin alder; eldre hestar nyttar mindre av tida til å stå og sove enn det yngre hestar gjer.
\r\n
\r\n Refereanse:
\r\n Ninomiya S., Sato S., Kusunose R., Mitumasu T., Obara Y. (2007). A note on a behavioural indicator of satisfaction in stabled horses. Applied Animal Behaviour Science 106; 184-189.
\r\n
\r\n
\r\n Dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne sida, ta gjerne kontakt med oss på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
\r\n
\r\n
\r\n