Hesten sitt beitemønster er til stor grad bestemt av behovet for energi. I tillegg spelar også andre faktorar inn, som behovet for å unngå rovdyr og parasittar. Ein slik anti-parasitt-strategi, å unngå parasittar, er å unngå beiting i områder der det ligg gjødsel.
Parasittar reduserar fôrutnyttinga, spesielt opptaket av næringsstoff, og er difor viktige å unngå. Mange av parasittane hjå hest finns i form av egg i gjødsla. Desse utviklar seg til larver som flytter seg frå gjødsla og ut i vegetasjonen. Seinare blir dei igjen inntatt av hesten gjennom beiting. 98% av larvene blir funne innan ein radius på ein meter rundt gjødsla. Tidlegare studium peiker mot at hesten sjølv ikkje ser ut til å kunne oppdaga larvene. Difor kan det å unngå alle områder med gjødsel vera nyttig. Denne åtferda har blitt observert hjå mange drøvtyggarar.
Av dei store planteetarane har hesten kanskje den tydelegaste tendensen til å laga og oppretthalda eit beitemønster der dei beiter områder med kort gras, opptil 70% av dagleg beitetid.
Studiet fann stad i Frankrike og forfattarane konkluderar med følgjande:
- \r\n
- Hestar føretrekk områder med kort gras framfor langt gras (langt gras meir enn 16 cm), ettersom langt gras vil vera av dårlegare kvalitet. Hestar unngår områder med langt gras uavhengig av om det er parasittar der eller ikkje. Områdene med kort gras blir truleg valgt fordi sjansen for å innta larver vil vera mindre der. Tidlegare studium har synt at hestar et og gjer frå seg på dei same områdene berre dersom det står svært mange dyr på eit lite område. Denne åtferda er samansett av behovet for energi og behovet for å unngå parasittar. \r\n
- Den enkelte hest hadde mange parasittar eller ikkje, hadde inga effekt på fôrval og beitemønster. Studiet slår ikkje fast om hesten si erfaring med parasittar påverkar fôrval og beitemønster. \r\n
Referanse:
Fleurance G., Duncan P., Fritz H., Cabaret J., Cortet J., Gordon JI. (2007). Selection of feeding sites by horses at pasture: Testing the anti-parasite theory. Applied Animal Behaviour Science 108; 288-301.
Dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne sida, ta gjerne kontakt med oss på