Stereotypisk åtferd er definert som repeterte, relativt uendra åtferd utan ein tilsynelatande funksjon. Stereotypiar kan vera oralt baserte (krybbebiting) eller rørslemessige baserte (veving). Stereotypiar er vanleg hjå hestar i intensive oppstallingssystem; hjå denne hestepopulasjonen er det rapportert at om lag 3% av dei vaksne hestane utfører stereotypisk åtferd.
Årsaken til at stereotypisk åtferd oppstår er omdiskutert. Det har blitt foreslått at desse åtferdsmessige unormalitetane blir utvikla som eit resultat av ugunstige oppstallingssystem. Mange faktorar ved moderne hestehald har blitt skulda for utvikling av stereotypisk åtferd hjå hest: mykje tid på stall, isolasjon frå andre hestar, kraftfôrrasjonar, mangel på stimuli eller overflod av stimuli.
27 vaksne fullblodsvallakar, derav fem krybbebitarar, seks vevarar og seks som ikkje utførte stereotypisk åtferd (kontrollgruppe), deltok i ei australsk undersøking som såg på etologiske og fysiologiske ulikskapar hjå hestar med og utan stereotypisk åtferd.
Resultata (etologiske karakteristikkar):
Hestar med og utan stereotypisk åtferd sto oppstalla saman under forsøket. Inga stereotypisk åtferd blei observert hjå nokon av hestane som ved starten av forsøket ikkje synte stereotypisk åtferd. Dette samsvarar med tidlegare forsking, som foreslår at hestar ikkje tek til med stereotypisk åtferd som eit resultat av miming.
Frekvensen av krybbebiting auka før og etter kraftfôr-fôring. Frekvensen av veving auka også gradvis i tida fram mot kraftfôr-fôring.
Resultata (fysiologiske karakteristikkar):
Puls, blodprøver, kroppsvekt, passasjetid gjennom blindtarmen og fordøyelegheit vart målt. Det var inga skilnad i puls og blodprøver mellom dei tre gruppene. Det var ein trend mot ei raskare passasjetid gjennom blindtarmen hjå krybbebitarar jamnført med dei andre gruppene. Det var inga signifikant effekt av gruppe på fordøyelegheit eller vektauke.
Diskusjon:
Frekvensen av veving auka i periodane før fôring og i perioden før hestane vart slept ut i luftegard (dette skjedde til same tid kvar dag). Dette styrkar forslaget om at veving er meir direkte relatert til frustrasjon knytt til opphisselse og forventning til noko som snart skal skje, meir enn til dietten eller eit stimulifattig miljø.
Krybbebiting var mest frekvent før og spesielt etter fôring. Dette støttar den tidlegare forskninga som er gjort på dette området, men i denne undersøkinga var tidsramma for krybbebiting større enn forventa. Frekvensen av krybbebiting tok til å auke 2-4 timar etter fôring og nådde sitt høgste punkt 6-8 timar etter fôring. Dette er lengre enn tidlegare rapportar har synt.
Krybbebitarane og vevarane brukte lengre tid på å eta fôrrasjonen sin. Hjå krybbebitarane kan dette vera eit forsøk på å normalisera fordøyinga i formagen. At både krybbebitarar og vevarar tek pausar under etinga og difor brukar lengre tid på å eta opp fôrrasjonen, kan også vera eit teikn på magesmerter som kan vera forårsaka av magesår eller acidose i bakre tarmavsnitt.
Det er også aktuelt at krybbebitarar og vevarar kan ha redusert motivasjon eller åtferdsmessige behov som resulterar i seinare konsumering av rasjonen.
Tidlegare studium har foreslått at i det minste hjå føll kan krybbebiting vera ein homeostatisk respons på at fôret når den betente delen av magesekken, som er vanleg hjå krybbebitarar. I denne undersøkinga var krybbebiting mest frekvent 6-8 timar etter fôring. Dette indikerar at smerter i magesekken ikkje var hovudgrunnen til sterkt ubehag i innvollene. Men det kan tenkast at det er ein akkumulativ effekt av konsentrert fôr som når den betente delen av magesekken, og at dette resulterar i større ubehag når hesten fortsetjer å ete opp til 9 timar etter at fôrrasjonen er gjeven.
Krybbebitarane tendenserte til å ha kortare passasjetid gjennom blindtarmen enn kontrollgruppa. Dette er ulikt frå tidlegare arbeid. At det ikkje blei funne nokon skilnad mellom gruppene når det gjaldt puls- og blodmållingar samsvarar med tidlegare studium.
Undersøkinga ”konkluderar” med at utføring av stereotypisk åtferd hjå vaksne, etablerte krybbebitarane har samanheng med konsumering av fôr og at veving har samanheng med forventning eller periodar med mykje aktivitet i miljøet. At tidspunktet der fôret når blindtarmen fell saman med den høgaste frekvensen av krybbebiting gjer det mogleg å tru at det kan vera ein lenk mellom krybbebiting og fermentering i blindtarmen.
Referanse:
Clegg HA., Buckley P., Friend MA., McGreevy PA. (2008). The ethological and physiological characteristics of cribbing and weaving horses. Applied Animal Behaviour Science 109; 68-76.
Dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne sida, ta gjerne kontakt med oss på