KALENDER

  1. lør 26. okt 2019

    Jæren Fjordhestlag

    • A00 - Følkurs
  2. søn 08. sep 2019

    Nordlandshest/lyngshest i Midt Norge

    • B2 - Miljøtrening
Vis heile kalenderen

Ei studie av 70 franske hestar syner at stereotypisk åtferd påverkar hesten si læreevne negativt. Stereotypisk åtferd hjå hest er definert som repeterte rørsler utan noko spesifikt mål. Døme på stereotypisk åtferd er krybbebiting og veving. Stereotypisk åtferd oppstår ofte under ugunstige forhold hjå hestar med anlegg for åtferda. Stereotypisk åtferd har samanheng med høgare enn normale endorfin-nivå. Endorfiner er biokjemiske signalstoff. Desse lindrar smerte og påvirker viljen til å sova, eta og drikka.

Oppgåva hestane i forsøket skulle utføra var å opna ein treboks. Klarte dei dette vart dei belønna med fôr. Resultata viste tydeleg at hestar med stereotypisk åtferd trong meir tid til å læra oppgåva, jamnført med hestar som ikkje synte stereotypisk åtferd. Forskarane meiner at dette kan forklarast med dei høge endorfin-nivåa, samt at hesten nyttar merksemda si til den stereotypiske åtferden og difor har mindre læringskapasitet.

Studiet fann òg at hestar med stereotypisk åtferd i mindre grad la seg ned og dei sov òg mindre enn andre hestar. Det er sannsynleg at dette vil begrensa hesten sin læringskapasitet då hesten generelt blir meir trøytt og vil miste interesse for oppgåva. Hjå menneske er søvn ein nøkkelfaktor for evna til å hugse. Slik er det truleg også hjå hesten.

Uansett årsak bør det ved innlæring takast hensyn til hestar med stereotypisk åtferd, då desse kan kreva meir tid og tolmod ved innlæring av nye oppgåver.

Referanse:
Hausberger M., Gautier E., Müller C., Jego P. (2007). Lower learning abilities in stereotypic horses. Applied Animal Behaviour Science 107; 299-306.


Dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne sida, ta gjerne kontakt med oss på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Velkommen til Fokus unghest!

Denne nettsiden er tenkt å være en ressurs for deg som driver eller vil drive med unghest. Unghest.no Vil fungere som en base med nyttig informasjon som bruk og hold av unghest. 

Unghest.no er resultatet av et samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Landslaget for dølehest og Landslaget for nordlandshest/ lyngshest. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for å øke interessen for hold og bruk av unghest. Målet er å stimulere til økt aktivitet i lokallagene og tilby kunnskap om trygg trening av unghest. Dersom du vil lese mer om Unghestprosjektet, ta ein kikk til på menyen øverst på nettsiden.

På unghest.no vil du finne artikler om blant annet trening, fôring og stell av unghest, samt informasjon om kurs, utstillinger, tips til treningsprogram, råd om oppstallingsformer og andre ting.

Vil du at ditt lokallag skal arrangere unghestsamling/kurs? Ta kontakt med styret i ditt lokallag! For informasjon om ulike kursmoduler, og reglement for utbetaling av støtte, til kurs se i menyen øverst på siden. 

Dersom du vil gi ei tilbakemelding på nettsiden, eller dersom du har en ide til hva som burde ha vært her, send oss gjerne tips på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Norges fjordhestlag Landslaget for nordlandshest/lyngshestLandslaget for dølahest

 

 

Unghest.no er eit samarbeid mellom  Norges Fjordhestlag - Landslaget for Dølehest - Landslaget for Nordlandshest/ Lyngshest - Norsk hestesenter Webdesign: bbd.no  Nettløsning: Veir AS