KALENDER

  1. lør 26. okt 2019

    Jæren Fjordhestlag

    • A00 - Følkurs
  2. søn 08. sep 2019

    Nordlandshest/lyngshest i Midt Norge

    • B2 - Miljøtrening
Vis heile kalenderen

\r\n Tekst: Ingunn Farestveit
\r\n
\r\n Fôring med surfôr til hest har mange fordelar og det vert stadig meir vanleg å nytte surfôr til hest. Det er difor viktig å kjenne til omsyn ein må ta ved fôring av surfôr til hest.
\r\n
\r\n Hesten kan få heile eller delar av rasjonen sin som surfôr. Har hesten ikkje fått surfôr før, må tilvenninga skje gradvis, helst over minst 14 dagar, slik at mikrobane i tarmen får tid til å tilpasse seg det nye fôret. Det er også viktig å vite innhaldet av tørrstoff (TS) i rundballen slik at ein kan finne ut kor mykje surfôr hesten treng for å dekke behovet for foreiningar (FEh) i rasjonen.
\r\n
\r\n Ved tildeling av surfor ute i luftegard/inngjerding bør underlaget vera godt drenert med eit gruslag eller eventuelt betong på toppen. Dette er særskilt viktig om fleire hestar går i lag, då vert det ofte gjerne mykje trakk rundt fôringsplassen. Er fôringsplassen udrenert kan mykje fôr gå tapt ved at hestane trakkar fôret ned i gjørma. Fôret kan verta liggande i gjørme i fleire dagar og det vert gjerne skjemt. Hestar kan godt finne på å ete av dette fôret, særskilt om det er lenge sidan forrige fôring eller om rundballen som har stått der byrjar å verte tom. Ein fôrhekk kan redusere sløsing med fôret.
\r\n
\r\n Ved fôring av surfôr til hest finst det visse helserisikoar ein bør vite om. Dei vanlegaste helserisikoane er fyrst og fremst knytte til giftstoff som er produsert enten av plantematerialet sjølv eller av mikroorganismar. Støv og muggsporar kan årsake nedsett lungekapasitet og pusteproblem/hoste. Muggent fôr kan også årsake kolikk og forgifting. Ved funn av dyrerester (til dømes rådyrkalvar, rotter og liknande) bør rundballen ikkje brukast som hestefôr grunna faren for at bakterien Clostridium botulinum har fått utvikla seg. Denne bakterien produserar stoffet botulin som kan føra til forgifting, botulisme.
\r\n
\r\n Plantegifter:
\r\n Nokre plantar kan produsera store mengder østrogen. Det kan verke inn på fruktbarheita hjå hodyr. Døme på slike plantar er kløver og luserne. Det er ikkje anbefalt å fôre drektige hopper med surfôr som inneheld høge konsentrajonar med kløver/luserne, fordi østrogenet i plantane overlever ensileringsprosessen.
\r\n
\r\n Alkaloider frå giftige plantar kan årsake store skadar på levra til hesten. Alkaloider frå giftige plantar held på giftverknaden etter ensilering og dyra greier ikkje å sortera ut giftige plantar. Får dyra i seg store mengder alkaloider over eit kort tidsrom kan dei verta akutt forgifta med dødeleg utgang. Symptom på forgiftnig er utvida pupillar, diare, hesten vert opphissa og kanskje aggresiv. Nokre viser symptom på kolikk. Ellers er kronisk forgifting meir vanleg. Då viser ikkje dyra forgiftingssymptom før levra er alvorleg skada. Symtom på dette kan vera at dyret mister matlysta, får ukoordinerte rørsler, krampar og dei får lett blødningar. Nokre kan også verta ømfintlege for lys. Giftige plantar med alkaloider er til dømes åkersvineblom og landøyda.
\r\n
\r\n Giftstoff av bakterielt opphav:
\r\n Clostridium botulinum er ein sporedannade bakterie som utviklar seg i rundballen når det er animalsk protein til stades eller om graset har fått mykje innblanding av jord under innhaustinga. Bakterien utviklar seg under anaerobe høve (utan oksygen) og ved at rundballen har hatt ein pH høgre enn 4,6 under lagringa. Bakterien trivst også best under fuktige høve, slik at fortørking kan vera med på å hemme utviklinga av botulin. Stoffet botulin kan forgifte hesten på to ulike måtar. Hesten kan få i seg gifta ved å ete fôr der gifta botulin er til stades, eller den får i seg klostridiesporar som utviklar seg til vekst av bakterien og som fører til at det vert produsert botulin i fordøyingskanalen. Hestar vert oftast råka av botulisme ved å ete fôr som inneheld botulin. Symtom på at hesten har fått botulisme er ustø gange, sløvheit, problem med å svelge (sikling) og pusteproblem grunna lammingar i brystregionen. Dødlegheita ligg på ca 90%. Dødsårsaka er ofte kveling grunna lammingar i musklaturen i svelget og brystet.
\r\n
\r\n Giftstoff som er danna av Escherichia coli og Listeria monocytogenes er også farlege for hest. Begge trivst godt i eit fuktig miljø kan lett hemmast/unngåast ved fortørking av surfôret. Ingen av dei tre nemde bakteriegiftene trivst ved låg PH, og kan hindrast ved å tilsetje eit surt ensileringsmiddel i rundballen/siloen. Ved hjelp av fortørking og tilsetjing av eit surt ensileringsmiddel vil det altså vera små sjansar for at desse bakteriane overlever og produserar toksin.
\r\n
\r\n Muggsopp trivst under aerobe (med oksygen) høve. Fordi nokre typar med muggsopp kan formeire seg ved veldig låg tilgang på oksygen, kan berre eit lite hol i plasten på rundballen årsake store parti med mugg på surfôret. På overflata av rundballen kan ein finne område med kvite trådar (mycel),. Dette er mugg. Arealet med synleg mycel er likevel ikkje noko godt mål på kor mykje muggsopp som finst i fôret. Det vil nemleg kunne finnast mykje mycel kring dette området som me ikkje greier å sjå. Mange av muggsoppane som ein finn i surfôr har evna til å danne mykotoksin. Dette gjer dei svært farlege for hest. Ved fôring med muggent surfor som inneheld Aspergillus fumigatus, kan hesten verta forgifta. Aspergillus fumigatus gjer at det vert produsert eit mykotoksin som kan føre til abort hjå hopper, nedsett immunforsvar og dårleg apetitt. Aflatoksin danna frå Aspergillus flavus kan føre til nedsett fruktbarheit/ufruktbarheit og kroniske leverskader. Dyr som får fôr som inneheld giftstoff får gjerne diffuse symptom. Døme på symptom kan vera nedsette prestasjonar, nedsett immunforsvar, auka sjukdomsfrekvens og problem med fruktbarheit. Surfôr med mugg på skal ikkje brukast til hestefôr.
\r\n
\r\n Om ein har dette i bakhovudet og er nøye med å vurdere den ernæringsmessige kvaliteten på surfôret ein fôrar hesten sin med, kan ein trygt nytte surfôr i rajonen til hesten. Sjå på fargen til surfôret. Den skal vera gulgrønn/olivengrønn og fôret skal lukte friskt og gjerne litt syrleg. Be om fôranalyse når du kjøper surfôr, den vil vera eit nyttig verktøy når du vurderar kvaliteten på surfôret.
\r\n
\r\n Kjelder
\r\n Mo, M., Surforboka, 2005, Landbruksforlaget.
\r\n
\r\n
\r\n Reisa Cieggavarre © Birgit Nilsen

\r\n

Velkommen til Fokus unghest!

Denne nettsiden er tenkt å være en ressurs for deg som driver eller vil drive med unghest. Unghest.no Vil fungere som en base med nyttig informasjon som bruk og hold av unghest. 

Unghest.no er resultatet av et samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Landslaget for dølehest og Landslaget for nordlandshest/ lyngshest. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for å øke interessen for hold og bruk av unghest. Målet er å stimulere til økt aktivitet i lokallagene og tilby kunnskap om trygg trening av unghest. Dersom du vil lese mer om Unghestprosjektet, ta ein kikk til på menyen øverst på nettsiden.

På unghest.no vil du finne artikler om blant annet trening, fôring og stell av unghest, samt informasjon om kurs, utstillinger, tips til treningsprogram, råd om oppstallingsformer og andre ting.

Vil du at ditt lokallag skal arrangere unghestsamling/kurs? Ta kontakt med styret i ditt lokallag! For informasjon om ulike kursmoduler, og reglement for utbetaling av støtte, til kurs se i menyen øverst på siden. 

Dersom du vil gi ei tilbakemelding på nettsiden, eller dersom du har en ide til hva som burde ha vært her, send oss gjerne tips på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Norges fjordhestlag Landslaget for nordlandshest/lyngshestLandslaget for dølahest

 

 

Unghest.no er eit samarbeid mellom  Norges Fjordhestlag - Landslaget for Dølehest - Landslaget for Nordlandshest/ Lyngshest - Norsk hestesenter Webdesign: bbd.no  Nettløsning: Veir AS